Hovedbiblioteket stengt 12. august til 12. oktober. Hovedbiblioteket i Tønsberg skal få nye gulv i 1. og 2. etasje! Frem til vi stenger er samlingen tilgjengelig for publikum, men den vil gradvis bli flyttet ned i underetasjen.
Psykoseskildring som kryp tett inntil lesaren. Sjasminmannen (1971) er ei av dei mest kjende psykoseskildringane i litteraturhistoria. I tydeleg og registrerande prosa skildrar Unica Zürn djup depresjon og visjonær galskap, forvirra omstreifingar og besøk på ulike mentalsjukehus, augneblinkar av djup fortviling, men også av den største lykke og kjærleik til livet og kunsten. I eit nøkternt språk glir Zürn saumlaust inn og ut av sjukdommen i ei flytande rørsle, i ei sjukdomsskildring som kryp tett inntil lesaren. Frå tysk ved Runa Kvalsund, som også omsette Zürns roman Mørk vår (2016) til norsk.
Unica Zürn skildrer djup depresjon og visjonær galskap, forvirra omstreifingar og besøk på ulike mentalsjukehus, augneblinkar av djup fortviling, men også av den største lykke og kjærleik til livet og kunsten. Sjasminmannen (1971) er ei av dei mest kjende psykoseskildringane i litteraturhistoria. Omtalen er utarbeidd av BS.