Ein hundemann i band slit seg og beinar av garde. Ei kvinne på flyplassen drøymer om kuk medan mannen hennar handlar Mentos. Knut feirar fødselsdagen aleine på kjøpesenterkafeen då ei kvinne dukkar opp med pamfletten TVIL IKKJE. Det stoppar ikkje her er 11 noveller med nerve som fortel om einsemd, misforståingar, kva me seier, lar vera å seia, og korleis nære augneblink oppstår mellom framande.
Dette er ein samling av 11 noveller om einsemd og misforståingar, ting me seier og ikkje seier, og om nære augeblikk mellom framande. Historiene handlar om menneske i skrantne forhold, problematiske familiar, og om kvinner og menn som er ute etter kjærleik og fridom. Ei kvinne står midt i livet og kjenner seg kvelt, ein liten hundemann slit seg fra bandet og løper av garde, og ei kvinne treffer ei sladrekjerring på kaffebar og kjøper ein flaske rødvin på høylys dag. Omtalen er utarbeidet av BS.