DRAMATISKE SCENAR FRÅ 100 ÅRS TEATEREVENTYR
DET NORSKE TEATRET trassa tyngdelovene i Teater-Noreg, det trassa dei økonomiske vilkåra og fysiske føresetnadene i den vesle teatersalen, og det trassa den veldige motstanden mot prosjektet mellom riksmålsfolket. Opninga i hovudstaden utløyste eit vekelangt teaterslag, med pipekonsertar under framsyningane, blodige slagsmål i salen og titusen av demonstrantar i gatene omkring teateret. 100 år seinare er språkstriden avvæpna og teaterkunsten har mist sin privilegerte posisjon i kulturfeltet. Men Det Norske Teatret står framleis like støtt, med eige palass i Karl Johan-kvartalet og 200 000 publikummarar i gode år, trass alt.
For første gong kjem her heile historia, frå turneane til forløparen Det Norske Spellaget i 1911 og 1912, til den storslegne hundreårsfeiringa i 2013. Det er ei forteljing om vegen frå eit omreisande amatørteater med enkle framsyningar på improviserte scenar i låvar og sjøbuer til eit profesjonelt institusjonsteater som kan gjestespele «Peer Gynt» på nynorsk i New York hundre år seinare.
ALFRED FIDJESTØL (f. 1973) er journalist, filosof og forfattar og har tidlegare gjeve ut bøkene Hans Jonas. Ein introduksjon (2004) og Eit halvt liv. Ein biografi om Per Sivle (2007). Han vore tilsett ved teateret for å skrive jubileumssoga. men har fått fritt mandat til å skrive ærleg, kritisk og usminka om vegval og konfliktar, kriser og hogdepunkt.