Forlaget skriver om denne boka: Benny synest alt er heilsvart. Mamma hans ryddar og ryddar og nøffar og nøffar. Ho legg pinnane og potetene til Benny i lange rekkjer. Ho prøver å bade Benny i ei balje. Når ho vil putte Veslenøff i vaskemaskinen, synest Benny at det går for vidt. Han tek Veslenøff og dreg sin veg, men det går ikkje heilt greitt det heller.