Kviterussland blir ofte omtalt som «Europas siste diktatur» og «den siste sovjetstaten». Gjennom essay, reiseskildringar og personportrett fortel Per Anders Todal om eit land i statleg jerngrep, der sensuren kveler den offentlege samtalen og overvaking spreier frykt i folket. Men det er og eit land der moderne teater, rockemusikk, den spirande nasjonalkjensla og det kviterussiske språket er lada med ei uvanleg sterk, frigjerande kraft. Kviterussland har ei tragisk, mangfaldig og rik historie, og ein natur som spenner frå Sentral-Europas siste urskog til det radioaktive audelandet i Tsjernobyl-sonen.