Forlaget skriver om denne boka:
"Dragehovudet kom til syne i åpningen, hjelmen var som ei grufull maske. Is og jern hadde smelta til sylkvasse spyd, ormar kringla seg omkring augeåpningane og blikket stakk som knivar ..."
Dette er den forskrekkelige historia om Tim Brentloffs møte med Fåvnedragen og Odins tallause spøkelseshær. Det er forteljinga om svik og trolldom, svoltne ulvar, drap og heltar, forbannelsar og frådande sjalusi. Og om ei jente i nød.
ADVARSEL: Boka inneheld trolldomsruner og magiske formlar frå eldgammal tid. Nokre av runene gir heltekraft og styrke til den som les, men her finns òg ein grufull forbannelse. Forhåpentligvis virkar forbannelsen kun når den magiske ringen, Andvarenaut, er i nærheten, men ein kan ikkje vera sikker. LES ALDRI FORBANNELSEN HØGT.