Islandske barn er som andre, dei liker å høyre eventyr, og Island har ein stor eventyrrikdom å ta av. I denne boka har barnebokforfattaren Albert Olafsson, som sjølv er fødd og oppvaksen på Island, valt ut tjue islandske eventyr som han fortel att for norske barn. Og Egil Torin Næsheim har trylla fram fin eventyrstemning med teikningane sine.