Vis alltid denne fanen
Kva skjer i den aller nyaste norske litteraturen? Marta Norheim, ein av Noregs mest kjende kritikarar, guidar deg inn i det nye litterære landskapet. Turen startar i 1990, og Norheim viser vegen til prosaforfattarar som Jonny Hallberg, Levi Henriksen, Mirjam Kristensen, Karl Ove Knausgård, Trude Marstein, Linn Ullmann, Olaug Nilssen, Erlend Loe og mange fleire. På vegen vil du møte skjelvande nevrotikarar, antiurbane ekstrembygdisar, barnemordarar og kroppfikserte kvinner, men også heltemodige småbarn og kloke bestemødre. Norheim fortel engasjert om det som rører seg i samtidslitteraturen, anten det dreier seg om maktkamp og sex, flyktig identitet, krig og katastrofar eller lengting til landsbygda. Gjennom heile boka deler forfattaren raust med andre den lesegleda ho sjølv har opplevd gjennom sitt arbeid med litteratur.