Forlaget skriv om denne boka:
François Villon (1431-64) vert rekna å vera seinmiddelalderen sin mest betydelege diktar i Frankrike og blir kalla Frankrike sin «første moderne lyrikar».
Me vert førde tilbake til 1400-talet og møter dei direkte orda frå ein mann som sit fengsla, dømd til henging. Han evnar å formidla sitt testamente med ein versekunst og eit vidd som er slåande, óg i dag. I eit liv på flukt frå fangehol, torturkammer og bødlar klarar han å laga skjemtevers og satire, om alt frå kongar, juristar og rikfolk til Tjukke Margot frå vertshuset.
Me står framfor eit verk med dramatisk innhald som både er leseverdig og har stor litterær og kulturhistorisk verdi. I følge Hans E. Kinck reiser Villon seg som ein «veldig susende cypres mot himmelen» i vår verdslitteratur. Villon er ofte ein vittig og satirisk spøkefugl. Andre gonger tek han uredd opp dei største emna i livet, aktuelle for oss alle, då som no: tida som går, det forgjengelege i alle ting, anger over dagar som går til spille og korleis dauden utliknar alle skilnader:
Vårt liv er blendverk, som ein draum å sjå!
For Daudens makt lyt alle bøye kne,
og utan motstand ifrå livet gå.
Eit spørsmål til? Svar, så eg slepp å spå:
Kor er ung Lancelot med riddarspore,
frå Bøhmen? Drepen, brått so fall han ifrå!
Og kor er no den djerve Karl den stor
e?