Opplysninger:
| Om å vere kjærast, dotter og syster. Lykke vil bli halden rundt av Simeon i symjehallen. Ho ønskjer å bli sett av ei sjuk mor. Ho prøver å vere grei med fostersystera Lena. Men Simeon, som kan vere så snill, kan også vere slem. Og mor, som kan vere så morosam, kan også vere langt borte. Og kva er det med Lena, som av og til er heilt, heilt stille? «Tre meter med kniv» handlar om å vere forelska, om å vere ei dotter, ei syster, men heile tida vere på vakt, heile tida kjempe mot tårene, heile tida lengte, heile tida oppleve at kjenslene svir.
. - Passer for 12-16 år
|