Ungdomsserie/fantasy. Dette er den fjerde og siste boka i fantasy-serien "Skammarserien". Bøkene har hatt stor suksess i fleire land. Hovudpersonen er den 11 år gamle Dina, som er dotter til Skammaren og har arva same gåva som mora har: Når ho ser nokon i auga, er dei tvinga til å fortelje heile sanninga. Blikket gir makt, men det er også ei farleg gåve. Forbrytarar fryktar ho, og mange ønskjer å utnytte ho. Forfattaren Lene Kaaberbøl blei i 2002 kåra til beste Disney-forfattar for W.I.T.C.H.-serien, og er nå nominert til den velrenommerte Marsh-prisen for Skammarserien. Orig.tit.: Slangens Gave. Overs.: Øystein Rosse. Ca. 380 s. Ib. (Skammarserien ; 4). 2004.