Eit storverk om nynorsk skjønnlitteratur - frå Ivar Aasens tid til i dag. I Nynorsk litteraturhistorie gjev Jan Inge Sørbø eit heilt nytt perspektiv på norsk litteratur. Han viser korleis nynorske forfattarar både har forma dei litterære normene i periodane dei levde i - og opponert mot dei. Aasen protesterte mot nasjonalromantikken, og Vinje dreiv gjøn med bondeforteljingar og idealiseringa av bøndene. Garborg var ein eksemplarisk naturalist, men braut deretter med denne retninga. Dei nynorske forfattarane var seint ute til høgromantikken, men til gjengjeld var dei modernistiske pionerar. Utviklinga av det nynorske skriftspråket har sytt for at stemmer og erfaringar frå heile landet har fått innpass i litteraturen, og at det har blitt skrive bøker frå småbruk og fiskevær på eit språk som reflekterer mang ein lesar sin eigen måte å tenkje og snakke på. Over 150 forfattarskapar er representerte. Her finst kjende storleikar som Arne Garborg, Tarjei Vesaas, Marie Takvam, Jon Fosse og Olaug Nilssen, så vel som forfattarar som fortener ny merksemd, som Gro Holm og Sjur Bygd. Boka kjem ut i høve 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget i 2018.
NYNORSK LITTERATURHISTORIE er den første store gjennomgangen av den nynorske skjønnlitteraturen frå Ivar Aasen og fram til i dag. Boka viser korleis utviklinga av det nynorske skriftspråket har sytt for at røyster og erfaringar frå heile landet har fått innpass i litteraturen. Den nynorske litteraturen er noko for seg sjølv, samstundes som han har ein sjølvsagd plass i den samla norske litteraturhistoria.
Over 150 forfattarskapar er representerte. Her finst kjende namn som Arne Garborg, Marie Takvam, Jon Fosse, Olaug Nilssen og Maria Parr, så vel som forfattarar som fortener ny merksemd, som Gro Holm og Sjur Bygd.
Jan Inge Sørbø viser korleis dei nynorske forfattarane både har forma dei litterære normene og opponert mot dei. Ivar Aasen protesterte mot nasjonalromantikken, Aasmund Olavsson Vinje dreiv gjøn med bondeforteljingane, forfattarar som Kristofer Uppdal og Tarjei Vesaas var modernistiske pionerar. I dag er den nynorske skjønnlitteraturen rikare enn nokon gong, og arven frå grunnleggjarane er framleis til stades.