Dei litterære sjangrane er ei grunnbok for bachelorstudentar i nordisk og litteraturvitskap og for dei som tek norsk som ein del av lærarutdanninga. Dei fem kapitla i boka tek føre seg dei tradisjonelle sjangrane epikk, drama og lyrikk, i tillegg til eit innleiingskapittel som drøftar sjangeromgepet, og eit kapittel om sakprosa. Kvart kapittel gir ei grunnleggjande innføring i sjangerens historie, kjenneteikn og analytiske omgrep. Dei litterære omgrepa og det litterære fagspråket blir grundig handsama og er illustrerte med tekstdøme. Her er også modelltekstar som viser korleis ein kan analysere tekstar i dei ulike sjangrane. Denne boka tilbyr ei grundig innføring i epikk, lyrikk, drama og sakprosa i éi bok.
Denne boka tek føre seg dei tradisjonelle litterære sjangrane epikk, drama og lyrikk. Kvart kapittel gir ei grunnleggjande innføring i den enkelte sjangerens historie, kjenneteikn og analytiske omgrep. I tillegg inneheld boka eit innleiingskapittel om sjangeromgrepet samt eit kapittel om sakprosa. Dei litterære omgrepa er illustrerte med tekstdøme, i tillegg har boka modelltekstar som viser korleis ein kan analysere tekstar i dei ulike sjangrane. Målgruppa er bachelorstudentar i nordisk og litteraturvitskap og dei som tek norsk som ein del av lærarutdanninga. Omtalen er utarbeidd av BS.