Forlaget skriver om denne boka:
93 fotturar kring tre verdsarvfjordar
Selja Forlag er no klar med den tredje boka i Opptur- serien. La deg freiste til fleire turar i nye område.
Opptur Geirangerfjorden tek deg med på 93 fotturar kring dei tre verdsarvfjordane Tafjorden, Sunnylvsfjorden og Geirangerfjorden. Dette vert rekna som eit av dei vakraste fjordlandskapa i verda. Alle rutene er teikna inn på flyfoto, og saman med fylkdige turomtalar gjev dette deg god oversikt og informasjon om turane og om tilhøyrande attraksjonar og historier.
Boka har både norsk og engelsk tekst.