Den islandske viseforma ferskeytla har vore dyrka på Island frå 1300-talet til i dag. Forma er så velkjend at dei aller fleste islendingar kan ei rekkje slike viser utanboks, og mange kan òg forme nye. For første gong blir no ei bok med denne islandske viseforma utgitt på norsk, og blant skaldane som er med i utgivinga, er nokre klassikarar, og her er òg med mange som ikkje er nemnde i litteraturhistoriske verk eller oppslagsbøker. Visene tek føre seg tema som kjærleik, håp, svik, visdom, alderdom og årstider. Visene er gjendikta av Johannes Gjerdåker (f. 1936), som er blitt tildelt fleire prisar for sitt arbeid som omsetjar: Han har tidlegare gitt mellom anna tyske, engelske, latinske og persiske verk norsk språkdrakt.
Viseforma ferskeytla har vore dyrka på Island frå 1300-talet og fram til vår tid, og dei fleste islendingar kan fleire slike viser. Dette er første gong ei bok med denne islandske viseforma blir gitt ut på norsk. Visene tar for seg tema som kjærleik, håp, svik, visdom, alderdom og årstidene. Nokre av skaldane er velkjende, medan andre ikkje er er nemnde i litteraturhistoriske verk eller oppslagsbøker. Visene er attdikta av Johannes Gjerdåker. Omtalen er utarbeidd av BS.