Menn i krise Kva om det verste skjer? Det får hovudpersonane i denne novellesamlinga kjenne på. Ein forfattar er endeleg i flyt, han har aldri vore betre og no må han skunde seg å få ut boka si før den store katastrofen inntreffer og gjer prosjektet hans irrelevant. Ein familiefar har fått ein beskjed som snur om på heile livet hans og på livet til ungane, skal dei for alltid bli den familien alle synest synd på? Ein eldre mann har skapt seg det livet han vil ha og kommuniserer minimalt med omverda, så bankar det på døra og livet blir aldri det same. Sortlands tekstar er humoristiske og leikne, men rommar også eit større, underliggande alvor. Gaute M. Sortland (f. 1980) er musikar og forfattar. Han debuterte med romanen Johan i 2009 til strålande kritikkar og har sidan skrive både ungdomsbøker og kortprosa.
Novellesamlinga "Avsporingar" handlar om menn i krise. Hovudpersonane i boka opplever at det verste skjer. Vi møter mellom anna ein forfattar som endeleg har kome ordentleg i gang med boka si, men no er det ikkje sikkert han klarar å bli ferdig med henne før katastrofen kjem. Ein familiefar er bekymra for at han og ungane alltid vil vere dei alle synest synd på. Og ein eldre mann har eigentleg trekt seg tilbake frå verda, men så bankar det på døra. Tekstane er humoristiske og leikne, men dei rommar òg eit alvor. Omtalen er utarbeidd av BS.