Fleire skjønnlitterære forfattarar var sentrale i arbeidet med den nye bibelomsettinga som kom i 2011. Der mange forfattarar tidlegare møtte Bibelen med både berøringsangst og skepsis, var dei no med på å forme han. Bibeldikt er eit skjønnlitterært prosjekt kor 88 norske diktarar skriv i samtale med tekstar frå den nye bibelomsettinga. Dei nærmar seg bibeltekstane tvilande, truande og undrande. Den kyrkjelege tekstrekka har vore eit strukturerande prinsipp for antologien, men forfattarane har skrive med fritt mandat. Saman skriv dei seg gjennom eit heilt kyrkjeår.