Forlaget skriver om denne boka:
SELBUVOTTEN har blitt sjølve symbolet på norsk strikketradisjon. På slutten av 1800-talet begynte kvinnene i Selbu å strikke vottar med den vaktre stjerneforma rosa, og seinare er ulike variantar av mønsteret blitt populære over heile landet. Kanskje har du arva eit par selbuvottar, slite dei ut og prøvd å lage nye sjølv?
I dene boka blir over 30 votte- og vantemønster frå selbutradisjonen presentert. Forfattaren har samla handplagg frå ulike kantar og tidsepokar, både frå Noreg og frå norsk utvandrarar til USA. Mønstra er rekonstruerte slik at ein enkelt kan følgje oppskriftene og strikke plagga. For deg som ikkje har strikka selbuvottar tidlegare, finst det detaljerte instruksjonar trinn for trinn. Her er vottar og vantar i ulike fasongar, frå heilt enkle til meir kompliserte mønster. Fleire av motiva har opphav i mytologi og religion. Før var dette stasplagg som blei brukte til bryllaup og kjærastegåve. Å gi bort ein vott var ein gest på same møte som å gi nokon handa si.
La deg inspirere til å ta strikkepinnane fatt!