Ei gryande uro av å vera sperra inne, tek kampen opp mot den tryggleiken som dei stengde romma stundom kan gi. I «To lyse hundar» får Den eldre tida til å gå ved å studera korleis skyene endrar fasong og karakter. Korleis dei kan framstå i så mange nyansar av gråfargar at talet nærmar seg det uendelege. Han kan det same om skyer som det ein røynd ornitolog kan om fuglar. Ornitologen og han ser det som flyg dei fleste augo forbi. Ofte vert han forstyrra av Den yngre, som med sitt urolege sinn, ikkje kan gi opp håpet om å sleppa fri. Om å komma ut og gjera opp for noko han gjerne skulle sett ugjort. Den eldre finn trøyst i to lyse hundar, som stundom kjem diltande fram frå mørke krør, når han kallar på dei. Fotografia i To lyse hundar har som mål å utfordra lesaren og gi alternative og utvida tolkingar til teksten.
Den eldre og Den yngre er sperra inne og har god tid til å observere og tenkje. Å vere stengd inne kan på den eine sida gje ei kjensle av tryggleik, men på den andre sida kan ein stundom også verte uroleg av det. Den eldre fordriv tida med å studere skyene, medan Den yngre ikkje vil gje opp håpet om å sleppe fri - for han har noko han må gjere opp for. Av og til dukkar to lyse hundar opp, og Den eldre finn trøyst i dei. Romanen inneheld fotografi som kan gje teksten ei utvida meining. Omtalen er utarbeidd av BS.