Vis alltid denne fanen
Forlaget skriver om denne boka:
Historie er spennande. Somme har jamvel endra livet sitt etter at dei fekk auge på fortida.
Vikingar finst framleis, også på Sunnmøre. Rett nok er dei ikkje mange, ikkje er dei spesielt valdelege heller, og dei trur ikkje på Odin og Tor. Men dei er der. Ålesundaren Arve yndestad er ein av dei. Han er hovdingen for den vesle flokken. Han har late hår og skjegg gro, han har sauma sine vikingklede, og han tek meir enn gjerne brok og brynje på for å vise seg fram i alt sitt hovdingvelde. Det starta med ein tur med Borgundknarren...
Men viktigare enn spenninga er verdien av å kjenne si fortid. Når sunnmøringane kallar seg sunnmøringar og føler atr det er her dei høyrer til, er det ikkje berre fordi dei har vakse opp på Sunnmøre, men fordi dei har ei felles fortid, ein felles arv frå fortida.
Dette er ei bok om den sunnmørske kulturarven, dei far etter folk som finst, og som knyter oss saman. Vi leitar etter historiene som løyner seg i holer og hellarar, i gråstover og embetsmannshus, i sjøbuer, utmarksløer og kjellarverkstader, langs kløvstigar og kjerrevegar, på tofte og dekk langs leia. Det er ei soge full av overraskingar som dukkar opp.