Forlaget skriver om denne boka:
Det er slikt som skjer på Vestlandet. På ein vanleg fredag på eit vanleg svaberg med brakje og lyng. Brått sprett ein sprellevande fiskepudding fram. Han ligg eit sekund og ser utover sjøen. Så stuper han i ein vakker boge ned mot havflata og blir borte. Det er slikt som skjer på Vestlandet. Men kva skjedde etterpå? Ti år var gått sidan fiskepuddingen Pim stupte i havet. I ti lange menneskeår levede fiskepuddingen sitt hemmelege liv nede på det store havdjupet utan å vise seg for menneska. Så ein dag dukkar Pim opp i sjøen like attmed eit oppdrettsanlegg. Kva er det han vil?