Forlaget skriv om denne boka: Eventyrboka innheld 19 nyskrivne nynorske eventyr. Nokre av forfattarane har laga moderne versjonar av klassiske eventyr, andre har skrive heilt nye. Dei første eventyra i boka passar for dei yngste. Utover i boka vert eventyra meir avanserte. Dette er oppfølgjaren til suksessen Godnattboka som kom ut i 2007.
Som i Godnattboka har Gunvor Rasmussen fått utfalda seg i eit praktfullt og eventyrleg illustrasjonsunivers.
Målgruppe: Forteljingane rettar seg mot barn frå 6 år og fungerer både til høgtlesing og sjølvlesing (frå 8 år). I byrjinga av boka finn ein lettleste forteljingar som eignar seg for dei yngste. Utover i boka vert forteljingane meir avanserte og rettar seg mot eldre barn.