-
Anbefaler denne. Stor bok, men heilt spesiell å lese. Du les litt, ser på teikningar. Dette er boka du bør ha liggande og ta fram no og då. Du blir glad for å høyre om gode liv jødar fekk i Sverige. Men så blir du trist og uroa i rikt monn, sjølvsagt. Om svik, svikt, grotesk behandling av jødar (og langt frå berre under 2.verdskrig og holocaust. Å fortelje om noko (og om nokon) gjer at det kjem til i merksemda, og eg likar kombinasjonen med fortelling og teikningar, notid og datid. Historia og personane blir levande, sjølv om ufatteleg mange var drepne på ufattelege måtar. Dette er ei bok du hugsar, og den fortel ei historie som er utruleg viktig i våre dagar.
15.01.2024, 21:45 Mann, 39
Rapportér