Det er mykje å drøyme om når ein står ved ei elv og venter på å fange den store laksen. Elvefiskaren tenkjer på makken som vert festa til den kvasse angelen, om laksen som kommer symjande med open munn, og om skilnaden på ein fugl og ein laks, medan han lytter til elva som suser og syng. Teksten flyt gjennom boka i eit poetisk, rytmisk språk, og lar lesaren oppleva naturen slik at ein nærmast trur det er ein sjølv som står der med fiskestonga og let tankane følgje sine eigne vegar. Mykje kan hende når ein er elvefiskar både inne i hovudet og ute i elva. illustrert av Elise Fagerli