Han som vart att er ei underhaldande forteljing om Vestlandet og den gjennomgripande utviklinga landsdelen har vore gjennom dei siste femti åra. Her får du møta gründerar, spradebassar, skrytepavar og stribukkar som alle søkjer å leve eit liv der restar av tung religiøsitet dannar bakteppe for det meste som skjer. Atle Hansen, fødd 1954 i Mosterhamn, er forfattar, visesongar, låtskrivar og journalist. Han bur på Stord og debuterte som forfattar med barneboka Sjørøvar-Jenny og Einauge-Bill i 1997. Seinare har han skrive for både born, ungdom og vaksne. I romanane for vaksne skriv han om livet langs kysten av Vestlandet før og no, oftast i ein humoristisk tone og i munnleg, lettlesen stil.
I denne boka fortel Atle Hansen om Vestlandet og utviklinga landsdelen har vore gjennom dei siste 50 åra. Restane av den tunge religiøsiteten dannar bakteppet for dei omfattande endringane, og historia handlar om eit bredt spekter av gründerar, stribukkar og spradebassar. Boka er skrive i ein munnleg, lettlesen og humoristisk stil. Atle Hansen er forfattar, visesongar, låtskrivar og journalist. Omtalen er utarbeidd av BS.