"Kjærleikens ferjereiser" kom ut første gong i 1974 og gjorde forfattaren kjend for eit stort publikum. Romanen som vart innstilt til Nordisk Råds litteraturpris handlar om vanlege menneskes liv, utfordringar og kjærleik. Det er ferjereisene som fører folk saman: Dei unge serveringsdamene på rutebilkafeen, den gamle postopnaren, den opprørske ungguten og den fortvilte lærarinna møtest i ei forteljing som strekker seg over tre dagar. Omtalen er utarbeidet av BS.
På tettstaden Ramvik møter vi nokre menneske som på kvar sin måte opplever samanhengen mellom individ og samfunn, og korleis systemet set grensene i eit firkanta byråkrati. Boka fortel om menneskelege problem i eit distriktsnoreg som har gjennomgått store omveltningar.
For Kjærleikens ferjereiser blei Edvard Hoem i 1974 tildelt Kritikarprisen og romanen blei også nominert til Nordisk råds litteraturpris.