Hopp over navigasjon
         
Søk med mobilen

Treff

1 treff


Omslagsbilde
"4.0
Logg inn med nasjonalt lnr for å gi stjernekast
Utgitt:
cop. 2012 . - Bok . - 194 s.
Nynorsk
Hylleplass:
948.104 E
Husk denne

(beta)Bli den første til å skrive anmeldelse
I ti år har Linda Eide ringt mor si. Aldri for å spørja korleis det står til. Alltid for å grava fram noko gammalt som er nytt. For det mora fortel frå Linda sin barndom liknar ikkje på den barndommen Linda sjølv hugsar. Og når mora fortel frå si tid, også kalla gamle dagar, er det frå eit liv Linda aldri var ein del av. Kva var desse gamle dagar? Og kven er mor eigentleg?

I tekst og bilete er denne boka ei vittig og tankevekkande utforsking av korleis gamle dagar lever vidare i notida. Linda lengtar tilbake til ei tid ho aldri levde i. Mora står trygt planta i ei notid som ikkje er til å kjenna att frå hennar tid.

Tast tast tast. (Ringjer Mottro)

MOTTRO: Ja?

MEG: Hei, det er meg.

MOTTRO: Å, er det deg?

MEG: Ja. Er det ok for deg om eg brukar telefonsamtalane våre i ei bok?

MOTTRO: Tja, det er vel greitt, men eg skjønar ikkje kvifor nokon skulle ville lesa ei slik bok.

MEG: Forlaget meiner du gir både notid og fortid ein ny dimensjon.

MOTTRO: Det er det dummaste eg har høyrt i heile mitt liv.

MEG: Eg sa til forlaget at du kom til å seia noko sånt.

MOTTRO: Kva sa dei då?

MEG: Dei tykte det passa godt inn.

MOTTRO: Ja ja. Berre hald meg utanfor så godt du kan.

MEG: Sjølvsagt. Takk. Hada då.

MOTTRO: Ja, hada då.

Frå boka

Side
Jakta på gamle dagar8
Før krigen12
Ein gledens dag16
To ivrige kortspelarar20
Bjørgum sin ikkje-eksisterande plass i litteraturen24
Straumprisar & hår26
Hår & straumprisar30
Oppdraging og juling35
Oppdraging og skryt39
Om Elvis og ny innsikt44
Livet til sjøs49
Horn Clipper i hardt vær55
Eg har då også vore ute i verda58
Glade jol61
Endå gladare jol64
Då tida var eit hav67
Radionostalgi71
Sykkelkjærleik74
Telegramtida var ei ganske sprø tid79
70-talskroppane85
Kroppar i endring86
Norsk politikk92
Politikk på høgare nivå98
Eg blir mismodig når eg tenkjer på bilen sin posisjon i vår tid102
Soga om ein supertankar106
Ein ørliten digresjon om røyking109
Kvinnedagen111
Ferncraig og kvinnedagen116
Å reisa ein hage118
Partering og skralt minne122
Skepsis126
Nasjonalkjensle130
Tvilsam bunadskjensle134
Kva ville Moste og Besto sagt?138
Vetla Brita140
Torvill & Dean146
Mitt kanskje artigaste sportsminne150
På bærtur154
Eit godt fjernsynsbilete158
Ta deg eit svart-kvitt-bilete162
Solide kjensler for Sverige164
Kulturlivet høgt og lågt168
Epidemiar174
Humla susar versus konjunkturane178
Aksjonisme på eldre dagar183
Alle desse åra - i surr går dei også186
Jakta er over med ei avsluttande morsdigging190
Oppklaring av nokre ord192

Norsk attraksjon : guiden til det du ikkje finn i guideboka


av Linda Eide ([tekst:] Linda Eide & [foto:] Kristin Helgeland Hauge)
Bok på Nynorsk | utgitt 2009
Hylle: 914.81 E
Husk denne

Oppdrag Mottro : jakta på gamle dagar


av Linda Eide
Bok på Nynorsk | utgitt 2012
Hylle: 948.104 E
Husk denne

Radioradio : lyd i journalistikk


av Linda Eide (Linda Eide, Lars Nyre)
Bok på Nynorsk | utgitt 2004
Hylle: 070.19 E
Husk denne
Vis alltid denne fanen

Bibliotekarenes bokanmeldelser - fra anbefalinger.deichman.no

Vis alltid denne fanen
  • Tips en venn om Oppdrag Mottro : jakta på gamle
  • Del på Facebook
  • Vis Facebooks Liker-knapp
  • Del på Twitter
  • Vis QR-kode med lenke for mobil
  • Foreslå innkjøp
  • Annen visning
Generell URL til dette søket: