Jon flyttar til ei øy i havgapet med legemor si. Det vakre landskapet skjuler stygge løyndommar, for ungdommane må ut av ungdomshuset før klokka 19:33, og det er noko demente frk. Hansen prøver å fortelje Jon som han ikkje eigentleg skjønar. 2. verdskrigen har noko å gjere med alt det mystiske som skjer.