Visste du at det i jarnalderen fanst folk som heitte
Kjønnmund? Eller at ordet
alskens er samansett av all og kjønn? I så fall er du unnataket som stadfester regelen: Dei fleste av oss veit lint lite om ordet
kjønn.
Men me møter det heile tida: Ordet dukkar stadig opp i aviser, debattar, grammatikkbøker, ID-papir, naturfagstimar- ingen slepp unna kjønn. Dette velkjende arveordet er lett å gripa til, men vanskeleg å få taket på. Kristin Fridtun vel å snika seg innpå kjønn bakfrå: Hen går historisk til verks og grev i fortida til dette innftøkte ordet Kvar kjem kjønn ifrå? Kvifor brukarme det annleis i dag enn dei gjorde for 400 og 800 år sidan? Kva meinte Ludvig Holberg med «det menniskelige Kiøns Fiende»?
Gjennom fem laust samanhengande essay kjemme kjønn nærmare inn på livet, men me får og kjennskap til livet i dei kjønnslege ut kantane. Fridtun skriv med utgangspunkt i sine eigne røynsler som transperson, og eit tilbakevendande tema er kjensla av å stå på utsida av det me kallar kjønn, Granskinga av ordet kjønn blir såleis eit springbrett til vida re drøftingar av kjønnskateqoriar, rådande førestillingar om kjønn, tilhøvet mellom natur og kultur - og korleis omverda møter dei av oss som lever på sida av kjønnsnormalen.