Gjennom det islandske landskapet renn elva Varmá, som med dei varme kjeldene sine legg til rette for liv og utvikling. Her buset landnåmsmenn seg, reinsdyr importerte frå Noreg beitar, det blir sett i gang treplanting, og plantasjar blir bygde. Men dette området har eit skiftande humør, det kan kaste om på seg, lage nye elveløp, nye utspring.
Lesaren blir vitne både til kreftene som bur under bakken, og til kreftene som bur i menneska, når Gerd frå Noreg treffer den islandske bondesonen Ingolfur. Varmá er ein roman om menneska som bur i området langs elva. Det handlar om slekters gang, om å skape sitt eige liv i det ein har arva, og om å leve nær på naturen.