Vemund er ein vanleg 16-åring. Likevel viklar han seg inn i eit usunt miljø rundt eit treningssenter. Leiaren i gruppa, Jokeren, er ein fascinerande, men skremmande skikkelse. Han avgjer alle vesentlege veival med myntkast. På den eine sida av mynten står det "I love you". Da blir valet godt. På den andre sida står det "Fuck off". Da blir handlinga vond. Dette er ei forteljing som tar opp viktige spørsmål som kor mykje vi kan styre liva våre, kva vi gjer ut frå fri vilje, og kva blir bestemt ut frå faktorar vi ikkje kan rå over. Men den handlar òg om kjærleik, om familie og vener, og om å prøve å finne fast grunn under føtene. Forteljing for ungdomstrinnet.