Forlaget skriver om denne boka:
Lom sentrum myldrar av påsketuristar,
blant anna fleire utflytta lomværar som har hytter i området.
Påskefreden blir brått eit mareritt når ei kvinne blir funnen brutalt drepen på hytta si.
Kort tid etter finn bakaren i Lom, Morten Schakenda, ein annan lomvær drepen, og politiet skjønar at drapa heng saman. Offera har gått i same klasse på ungdomsskolen og det er grunn til å tru at begge desse sakene har djupe røter i fortida.