Forlaget skriver om denne boka:
Dagane sig av garde. Alle ventar på Det Store som ein gong skal skje. Men skuffande nok viser det seg at livet ikkje er ein godt regissert film. Likevel finst det jenter inni alle desse dagane. Jenter som seier både ja og nei på same tid, men som likevel blir med ut om kvelden. Og mykje kan skje når dei dirrande sommarkveldane aldri heilt vil bli til natt.