Forlaget skriver om denne boka:
Denne novellesamlinga er som ein ekskursjon inn i kjærleiken. Frode Grytten har kikka inn i rom ved havet, rom i byen.
Han har spora opp ti rom ulike stader på kloden, rom der folk finn kvarandre eller går under, rom der folk øydelegg kvarandre eller elskar med stille kraft.
Når Grytten går inn i desse romma, er det for å finne ut meir om kva som gjer oss til menneske. Det handlar om å gå, om å bli og om å stanse rett framfor katastrofen. Det handlar om perfekte dagar, lagnadsdagar og dei dagane som skal løfte eller endre alt. På vakkert vis skildrar Grytten i denne novellesamlinga det vi allereie hadde ein mistanke om: Hjartet er ein einsam jeger.