I årets diktsamling vidreførar Knut Ødegård det sterke engasjementet for dei mest sårbare og minst synlege blant oss. Med språkleg og poetisk kraft, visjonært og metafysisk, åpnar poeten porten til ei eigenarta verd. Ødegård er ikkje redd for verken gulrot eller pisk når han held dommedag over seg sjølv og verda.
I årets diktsamling vidarefører den 75 år gamle poeten det sterke engasjementet for dei mest sårbare og minst synlege blant oss. Her er t.d. fleire dikt om ei syster som er råka av Alzheimer, dikt om eit gamalt barnlaust ektepar, om eit Downs-barn som skal fødast, om taterkulturen, om den einsame drosjesjåføren Ove, om NS-born, om aldring og kjærleik og om ei jente som blir misbrukt av læraren - sett gjennom hans augo. Det store titteldiktet avslører overgrepa mot taterfolket, og mot slutten er to episke dikt der det eine skildrar den pandemien vi kalla Svartedauden og det andre er ein apokalyptisk visjon om korleis skaparverket rasar saman på grunn av menneskets grådige framferd og mangel på respekt for livet. Som ei motvekt mot dei nedbrytande kreftene i verda står dikta om bonden Mathias som mjølker sine kyr, sår sin åker og ventar på tid for å hauste inn. Omtalen er utarbeidd av forlaget.