Eikemo teiknar med Alt inkludert eit skarpt portrett av Noreg i dag, og viser fram korleis vi lever i fellesskap og i einsemd - med alle våre ting og den evige jakta etter meir. Det er historia om Agnes og dottera Maja på 6 år. Dei flyttar inn i eit hybelhus i eit heilt vanlig norsk nabolag, utan nettverk, venner, møbler eller pengar. Vi følgjer Agnes i hennar forsøk på å etablere seg. Agnes finn ut at det ofte ikkje er meir enn ein kvit løgn som skal til for å få ting til å gå litt lettare i møte med alle dei andre menneska. Agnes brukar tida si på finn.no, for å leite etter møblar og andre ting dei treng, mens Maja speler Nintendo. Etter kvart blir omgangen med dei andre meir utfordrande, pengane minkar, løgnene blir fleire når skulestart nærmar seg - og korleis har eigentleg Maja det?
Skarpt portrett av Noreg. Agnes og dottera Maja på 6 år flyttar inn i eit hybelhus i eit vanlig norsk nabolag, utan nettverk, venner, pengar eller møblar. Gjennom eit par sommarmånader følgjer vi Agnes i hennar forsøk på å etablere seg. Mens Maja speler Nintendo, bruker Agnes tida si på finn.no, på leit etter møblar og andre ting dei treng. I møte med alle dei nye menneska, borna i gata, mammabloggaren, politimannen, organisten og jusstudenten, er det ofte ikkje meir enn ei kvit løgn som skal til for å få ting til å gli lettare. Men snart blir omgangen meir utfordrande, pengane minkar og løgnene blir fleire når skulestart nærmar seg. Med eit fargerikt persongalleri, kostelege scener og eit utforskande alvor, teiknar Marit Eikemo eit skarpt portrett av Noreg i dag, og viser fram korleis vi lever i fellesskap og i einsemd - nedlest av ting, på evig jakt etter meir.