Hopp over navigasjon
         
Mobile site

Hits

Found 1 items


Cover photo
""
Sign in to give your star rating
Published:
2002 . - Book . - 453 s.
Norwegian, Nynorsk
Item location:
630.9481 N
Borrow       Add to selection list

(beta)Be the first to write a review
Den første samla framstillinga om landbruket i Noreg - frå dei eldste tider og fram til i dag.

Norges landbrukshistorie I-IV gir ei brei kulturhistorisk innføring i det norske landbrukssamfunnet opp gjennom tidene. Forfattarane går mellom anna inn på livsforholda til dei ulike grupperingane i bondesamfunnet, sjølvforståing og livsmønster, dyrkingsmetodar, dyrehald og reiskapsbruk til ulike tider, og interessekamp, politikk og økonomi. Regionale skilnader blir trekte fram, samstundes som spørsmål knytte til ulike utviklingsprosessar i samfunnet blir analyserte. Vekslande perspektiv og eit rikt illustrasjonsmateriale i fargar gir historia liv og teiknar tankevekkjande og djuptloddande riss av det komplekse landbrukssamfunnet i Noreg. I sentrum står heile tida menneska i landbruket og dei viktigaste utfordringane dei har stått overfor.

Band IV av Norges landbrukshistorie går frå første verdskrigen til i dag. Framstillinga tek føre seg dei enorme endringane for landbruket frå ein situasjon der det var sjølve modernæringa som fire av ti levde heilt eller delvis av, og til dagens landbruk med under 70 000 bønder. I tillegg til å fokusere på dei teknologiske, politiske og økonomiske endringane går bandet også grundig inn på endringar i bygdesamfunna og i levemåten til bønder og bygdefolk - korleis dei steg for steg har gått frå å utgjere ei eiga livsform til å bli ei integrert yrkesgruppe i storsamfunnet.

Always display this tab

Bibliotekarenes bokanmeldelser - fra anbefalinger.deichman.no

Always display this tab
  • Suggest this item to somebody: Norges landbrukshistorie . Bind
  • Share on Facebook
  • Show Facebook's Like button
  • Tweet
  • Vis QR-kode med lenke for mobil
  • Your suggestions
  • Display alternatives
Use this URL to reference this search on a webpage: