Forlaget skriver om denne boka:
Denne boka presenterer tretti diktarar, som alle skriv eller har skrive i det 20. hundreåret. Dei har skapt og skaper sine dikt i vår tid.
Sett frå historiens vide synsvinkel er det ny poesi som her er gjendikta for norske lesarar. Diktarane var og er våre samtidige.
Felles for dei tretti lyrikarane er, at alle har skrive på engelsk, endå om dei kjem frå ulike land og verdsdelar.