Hopp over navigasjon
         
Søk med mobilen

Treff

1 treff


Omslagsbilde
""
Logg inn med nasjonalt lnr for å gi stjernekast
Utgitt:
2020 . - Bok . - 256 sider
Nynorsk
Opplysninger:
«Når krubba er tom, bitst hestane», heiter det. Risikerer vi ei matkrise, som knapp kornforsyning og vanskar med kornimport? Vi ser på mat som forbruksvarer, vi kjøper og kastar overfloda. Vi produserer mat lausriven frå arealgrunnlaget. Vil vi fortsetja slik, og la landet gro att? Kva inneber sosial og økologisk berekraft? Aukrust vil styrkje det allsidige familiejordbruket, med balanse i ressurskrinsløpet. Frå fjord til fjell kan vi nytte utmark ueigna til dyrking av menneskemat til beite, og auke matplanteproduksjonen og sjølvforsyninga. Eit framtidsretta jordbruk i livskraftige lokalsamfunn handlar om samfunnstryggleik for alle. Beredskapsplan for mat, korn, såvarer og fôr, som del av ein nasjonal beredskaps- og kriseplan, står ikkje i motsetning til internasjonal handel og samarbeid. Kvifor svelt 821 millionar menneske, sjølv med nok mat i verda? Industrijordbruket står for urettferdig fordeling av jord og makt. I tiår har vi overskride jorda si toleevne. For å tryggje matforsyninga framover, oppmodar FN kvart land frå styresmakter til lokalsamfunn til enkeltindivid å ta hand om fruktbar jord, naturmangfald og klimaomsyn. Det er naudsynt med omfattande systemskifte og endringar i levevis. Forfattaren vender seg til den allmene lesar, og tek opp sentrale tema omkring livsgrunnlag, levevis og matproduksjon.
Hylleplass:
338.1 A
Bestill       Husk denne

(beta)Bli den første til å skrive anmeldelse
I vår del av verda er maten blitt ein forbruksvare vi alle tar for gitt. I Noreg kastar man årleg 390 000 tonn mat. Matproduksjonen rundt om i verda går for fullt, men like vel svelt oppimot ein milliard mennesker. I «Der villgraset gror» ser forfattar Marie Aukrust på dei aukande utfordringane vi som samfunn vil få i framtida når det kjem til å produsere næringsrik kost på ein skånsam måte. Boka ser på korleis det industrielle landbruket gir profitten førerang og korleis dette går ut over mattryggleiken. Ifølje boka er det viktig å satse på sjølvforsyning gjennom ein videreutvikling av små- og mellomstore familiejordbruk, og eit solid lokalt småskalajordbruk ivaretar jorda og skapar samstundes god matvare- og samfunnstryggleik. FN har oppmoda landa i verda om å verne om fruktbar jord og naturmangfald. For å komme FN sin oppmoding i møte, meiner Aukrust at vi må endre korleis vi lever og leggje om til eit landbruk som føljer økosystemet til naturen. Omtalen er utarbeidd av BS.
Vis alltid denne fanen

Bibliotekarenes bokanmeldelser - fra anbefalinger.deichman.no

Vis alltid denne fanen
  • Tips en venn om Der villgraset gror : livsgrunn
  • Del på Facebook
  • Vis Facebooks Liker-knapp
  • Del på Twitter
  • Vis QR-kode med lenke for mobil
  • Foreslå innkjøp
  • Annen visning
Generell URL til dette søket: