Ei kvinne ventar på ein mann. Er det ho sjølv som er skuld i fråværet hans, at ho sit aleine igjen med barna og at ho også mistar dei, eitt etter eitt? Kva kan ho ha gjort for å fortene ei slik straff? Ho vev ei forteljing der håp kjempar mot sorg og undergang. Dikta Um sakne springe blome har eit særeige språk som dreg tankane mot gammalnorsk og ymse norske målføre. Dette er Catherine Blaavinge Bjørnevog si første bok. Omtalen er utarbeida av BS.