Agnes Ravatn, tidlegare internettslave, har skrive ei sjølvhjelpsbok for alle som ikkje kan fordra sjølvhjelpsbøker, men som likevel innser at noko må endrast. Er du for eksempel ein av dei som sjekkar Facebook eller Twitter annakvart minutt, eller som tenker at du skal begynne å trene, berre ikkje akkurat i dag? Her fortel Ravatn korleis du kan overvinne distraksjonar, slutte å utsetje gjeremål, motstå freistingar og etablere gode arbeids-, kosthalds- og treningsvanar. Boka er ein praktisk og vitskapleg fundert guide som kan hjelpe deg å slutte med prokrastineringa og faktisk få noko gjort.
«Sjå på oss! Klorande på smarttelefonane våre som svoltne rotter, konsentrasjons evne under frysepunktet, uproduktive som aldri før, plaga med angst og ligge sår, snart umyndiggjorde.»
Dette er sjølvhjelpsboka for deg som ikkje kan fordra sjølvhjelpsbøker, men som likevel innser at du treng hjelp.
Stadig fleire av oss strever med utsetjingssyndrom, stress og dårleg samvit, fell for freistingar som torpederer dei langsiktige måla våre, og sjekkar Face book annakvart minutt.
Operasjon sjølvdisiplin er ein praktisk og vitskapleg fundert guide til korleis du kan overvinne distraksjonar, slutte å prokrastinere, etablere gode kosthalds- og treningsvanar og gjenvinne impulskontrollen.
Original og nyttig selvhjelpsbokuten klamme klapp på kinnet.
STEIN ROLL, ADRESSEAVISA
AGNES RAVATN (f. 1983) var sjølv ein kronisk utsetjande internettslave heilt til ho bestemte seg for åta grep. Ho har gitt ut fl.eire kritikarroste og prislønte bøker, og er kjend for si særeigne, vittige stemme og skarpe blikk for menneskeleg svakheit. Fugletribunalet (2013) vann både P2-lyttaranes romanpris og Ungdommens kritikarpris.