Forlaget skriv om denne boka:
Sognefjorden, november 1944: Heimefronten kan endeleg starte med sabotasjeaksjonar som skal stoppe den viktige aluminiumsproduksjonen i Høyanger.
Førde, desember 2007: Den velståande forretningsmannen Vilhelm Siplo - dagleg leiar av eit varehus - blir banka opp av torpedoar og seinare myrda. Konkurrenten George Rudsvik blir samstundes utsett for drapsforsøk med ei bilbombe.
Etterforskinga fører politibetjent Rolf Randen inn i eit miljø som ikkje nøler med å gjere kva som helst for å skaffe seg rask rikdom. Men spora peikar også bakover i tid, mot dramatiske hendingar der Gestapo, svik og tortur stod sentralt.
Operasjon Siskin er forfattarens femte kriminalroman om politibetjent Rolf Randen.