Hopp over navigasjon
         
Søk med mobilen

Treff

1 treff


Omslagsbilde
""
Logg inn med nasjonalt lnr for å gi stjernekast
Utgitt:
1967 . - Bok . - 428 s.
Bokmål
Hylleplass:
245.03 R
Bestill       Husk denne

(beta)Bli den første til å skrive anmeldelse
«Norsk salmeleksikon» byggjer på eit samanliknande studium av alt som kan kailast salmebøker brukt i Noreg, frå Missale Nidrosiense til Ny-norsk Salmebok. For tida fram til 1800 er alle åndelege sangbøker tekne med, seinare berre salmebøker, salmeboksutkast og salmebokstillegg.

Prost P. E. Rynning arbeidde med salmegransking i mange år. Han fekk i 1928 Kongens gullmedalje for ei avhandling om salmediktinga i Noreg i tida 1814-1869, og då han døydde i 1951, let han etter seg ei stor norsk salmehistorie, som vart utgjeven på Det Norske Samlaget i to band i 1954, og manuskriptet til dette salmeleksikonet. Manuskriptet er seinare revidert og lagt til rette av fakultetsbibliotekar Kaare Haukaas, rektor Lars Aanestad og lektor Christian Rynning.

«Norsk salmeleksikon» er eineståande i sitt slag og vil få uvurderleg verdi for alle som er interesserte i salmehistorie og religiøs dikting. Verket er delt i fire hovudbolkar. Først kjem ei alfabetisk liste på 300 sider over alle salmane, med utførlege opplysningar om kvar salme. Deretter følgjer eit oversyn over fyrsteliner på framande språk, og knappe biografiske opplysningar om dei som har dikta, sett om og revidert salmane. Sist i boka finst ein bibliografisk bolk på om lag 100 sider, m. a. med ei kronologisk liste over alle salmebøker og andre prenta og uprenta samlingar.

Vis alltid denne fanen
  • Tips en venn om Norsk salmeleksikon
  • Del på Facebook
  • Vis Facebooks Liker-knapp
  • Del på Twitter
  • Vis QR-kode med lenke for mobil
  • Foreslå innkjøp
  • Annen visning
Generell URL til dette søket: