Hopp over navigasjon
         
Mobile site

Hits

Found 1 items


Cover photo
""
Sign in to give your star rating
x2
Published:
2020 . - Book . - 129 sider
Norwegian, Nynorsk
Genre:
Information:
Eit stadig foranderleg bygg. Den svenske poeten Björner Torsson har gjennom 50 år stått støtt på ein plass heilt for seg sjølv. Med dobbeltutgivinga av samlingane «I skuggen av ein hare» (2001) og «Hüzun eller Den samanleggberre nasen» (2012) blir han utgitt på norsk for første gong. Torssons dikt er i stadig rørsle, med høg energi og ein heilt eigen logikk og sans for absurditetar og det skapande potensialet i språket. Dei er leikande, opprørske og burleske samstundes som det ofte finst ein tydeleg understraum av melankoli og sorg i dei. Å lese den arkitektutdanna Björner Torsson kan vere som å vere inne i eit bygg av Hans Escher («men dette går då ikkje an!»), før ein i neste augneblink snarare må tenke på Kurt Schwitters' Merzbau. Vi ser nærmast dikt bli til framfor nasen på oss: først presist oppbygde gjennom sterk sanselegdom, innfall og uventa bilde - i neste augneblink rivne ned eller korrigerte gjennom avbrot og distraksjonar. Dei skal alltid vidare. Til saman utgjer dei eit byggverk som, nettopp fordi det nektar å stivne i ei form, står støtt på ein plass heilt for seg sjølv. Gjendikta frå svensk av Gunstein Bakke. Etterord ved poeten Dan Gustavsson.
Item location:
T
Borrow       Add to selection list

(beta)Be the first to write a review

DepartmentVolumeLocationItem locationNoteStatus
Tønsberg Voksen diktOn the shelf
Revetal Voksen diktOn the shelf
Den svenske poeten Björner Torsson har gjennom 50 år stått støtt på ein plass heilt for seg sjølv. Torssons dikt er i stadig rørsle, med ein heilt eigen logikk og med sans for absurditetar og det skapande potensialet i språket. Den arkitektutdanna poeten skapar dikt som nærmast blir til framfor nasen på oss: først presist oppbygde gjennom sterk sanselegdom, innfall og uventa bilde - i neste augneblink rivne ned eller korrigerte gjennom avbrot og distraksjonar. Til saman utgjer dei eit byggverk som, nettopp fordi det nektar å stivne i ei form, står støtt på sin eigen plass. Med denne dobbeltutgivinga av samlingane «I skuggen av ein hare» (2001) og «Hüzun eller Den samanleggberre nasen» (2012) blir Björner Torsson utgitt på norsk for første gong, gjendikta av Gunstein Bakke. Omtala er utarbeidd av BS.
Always display this tab

Bibliotekarenes bokanmeldelser - fra anbefalinger.deichman.no

Always display this tab
  • Suggest this item to somebody: x2
  • Share on Facebook
  • Show Facebook's Like button
  • Tweet
  • Vis QR-kode med lenke for mobil
  • Your suggestions
  • Display alternatives
Use this URL to reference this search on a webpage: