Husk denne (beta)Bli den første til å skrive anmeldelse
Lydklipp: Sonja Heimdal fra Østre Toten folkebibliotek leser. Bokpod i Oppland. Lytt til bibliotekarenes bokanbefalinger http://bokpod.blogspot.com. Redaktør: Oppland fylkesbibliotek.
Israel Armstrong - urban lesehest og vegetarianer frå London - er stranda i avkroken Tumdrum på den nordirske landsbygda. Der køyrer han bokbuss om dagen, mens han om natta er innlosjert i eit omgjort hønsehus hos Devine-slekta. Han mistrivst, og kan ikkje førestille seg at livet kan bli verre. Men det kan det. For då Israel ein morgon parkerer utanfor Dixon & Pickering Stormagasin med bokbussen full av utstillingsmateriell til den lokale supermarknadens hundre års jubileum, er butikken rana og innehavaren borte vekk. Helten vår har akkurat rukket å gni fingeravtrykka sine over heile åstaden i det politiet kjem ...
Det store forsvinningsnummeret er klassisk britisk hyggelesning; ei varm og humoristisk forteljing med ein skikkeleg antihelt i førarsetet.