Forlaget skriver om denne boka:
Streiflys over
- Olav Duuns lærarår i Trøndelag
- Olav Duuns nære venskap med to systrer på Frosta prestegard
- Olav Duuns strev for å debutera
- forleggjarar i kamp om Olav Duun - guruen i norsk mellomkrigsdikting
- Olav Duuns internasjonale ry og hans kandidatur til Nobelprisen 13 gonger
- Olav Duun og Henrik Steffens-prisen - eit tabu emne i norsk litteraturhistorie
Otto Hageberg har inngåande kjennskap til Olav Duuns dikting og er samstundes den som veit mest om doldisen Olav Duun - den av dei store norske forfattarane vi har minst biografisk kunnskap om. Denne streiflysboka inneheld spennande forteljingar med solid dokumentasjon av hittil ukjende sider ved Olav Duuns liv og hans litterære posisjon.
Boka er eit sideprodukt av ein større litterær studie: Forboden kjærleik. Spenningsmønster i Olav Duuns dikting.