Hopp over navigasjon
         
Søk med mobilen

Treff

1 treff


Omslagsbilde
"5.0
Logg inn med nasjonalt lnr for å gi stjernekast
Utgitt:
2019 . - Bok . - 415 sider
Nynorsk
Sjanger:
Opplysninger:
Globetrottaren Gunnar Garfors er kjent for å ha besøkt alle verdas land to gongar. På sine turar har han opplevd stader, situasjonar og menneske frå mange ulike kulturar og samfunn. Dette vert det gode reisetips av. I arbeidet med boka Ingenstad. På tur til verdas minst besøkte land har han reist attende til dei 20 landa i verda færrast av oss vel å reise til. Når Garfors er på reise, er det nyfikenheita som driv han. Hans unike og opne vesen kan minne om måten barn møter verda på. I Ingenstad har han vevd opplevingane sine saman til ei lett og ledig bok. Lesaren vert teke med på ei personleg ferd og kjem tett på menneska forfattaren har møtt i land som Afghanistan, Turkmenistan, Nauru, Mauritania og Komorane. Nokre av dei har du knapt høyrt om, andre gir neppe andre assosiasjonar enn krig, terror og elende. I Ingenstad møter du mellom anna ein særs imøtekomande statsminister, verdas beste sjokolademakar og ein mangobonde frå Jemen - landet som ein gong hadde fleire hundre tusen turistar i året. I ei tid der fleire vel vekk turisttunge reisemål og heller søkjer genuine inntrykk i møtet med menneske frå kulturar som skil seg frå vår eigen, vil Garfors inspirere, men også gi deg høve til å oppleve område du neppe vågar å reise til. Kanskje vil ei breiare forståing av andre nasjonar, trusretningar og verdsopfatningar gjere noko med deg som lesar og korleis du ser på verda. Kanskje ville vår klode kunne bli ein betre og vakrare stad om fleire reiste utanfor eigne komfortsoner og snakka med dei som bur der. Ingenstad tek deg med til nokre av dei mest fasinerande stadene i verda.
Hylleplass:
910.4 G
Bestill       Husk denne

(beta)Bli den første til å skrive anmeldelse

AvdelingBindPlasseringHylleNoteStatus
Tønsberg Voksen fagUtstilling underetasje
Tjøme fagPå hylla
Gunnar Garfors har besøkt alle verdas land. Ikkje berre ein, men to gongar. i denne boka tek han lesaren med til dei 20 landa som færrast menneske vel å reise til. På denne nyfikne og personlege ferda møter vi folk og forteljingar frå mellom anna Nauru, Turkmenistan, Mauritania og Komorane. Nokre av desse landa har vi knapt høyrt om, andre er mest kjent for konfliktar og elende. Garfors vil vise område dei færraste våger å reise til, men som er fascinerande og imøtekommande på sine særeigne måtar. Slik kan vi få ei breiare forståing av nasjonar, trusretningar og verdsoppfatningar som skil seg frå våre eigne. Omtalen er utarbeidd av BS.

198 : mi reise til alle verdas land


av Gunnar Garfors
Bok på Nynorsk | utgitt 2014
Ledig (Avd.: Tønsberg Voksen - Plassering: fag 910.4 G)
Bestill Husk denne

Bortom allfarveg : 81 reisetips til ein spektakulær norgesferie


av Gunnar Garfors
Bok på Nynorsk | utgitt 2021
Ledig (Avd.: Tønsberg Voksen - Plassering: fag 914.81 G)
Bestill Husk denne

Ingenstad : på tur til verdas minst besøkte land


av Gunnar Garfors
Bok på Nynorsk | utgitt 2019
Ledig (Avd.: Tjøme - Plassering: fag 910.4 G)
Bestill Husk denne
Vis alltid denne fanen

Bibliotekarenes bokanmeldelser - fra anbefalinger.deichman.no

Vis alltid denne fanen
  • Tips en venn om Ingenstad : på tur til verdas m
  • Del på Facebook
  • Vis Facebooks Liker-knapp
  • Del på Twitter
  • Vis QR-kode med lenke for mobil
  • Foreslå innkjøp
  • Annen visning
Generell URL til dette søket: