NORSK BARNELITTERATURHISTORIE er standardverket for alle som er interessert i norsk barne- og ungdomslitteratur. Verket gir ei samla framstilling av den norske litteraturen for barn og unge gjennom meir enn 200 år, og omfattar skjønnlitteratur, både den kritikarroste og den populære, og faglitteratur. Verket drøftar óg utviklinga av den barnelitterære institusjonen - i bokbransjen, bibliotek, skole og forskning - og korleis andre medium har gjort bruk av og påverka barnelitteraturen.
Den nye utgåva av verket er revidert for tida etter 1970 og er utvida med litteraturen frå 2005 til 2015 med nye forfattarskap, teksttypar, tema og skrivemåtar, og med nye illustratørar og visuelle uttrykksformer. Verket legg vekt på samspelet mellom barnelitteraturen og skiftande litteratursyn i samfunnet og viser korleis litteraturen utviklar seg mellom kunst og pedagogikk.
Norsk barnelitteraturhistorie er gjennomillustrert. Ein komplett digital bibliografi over alle omtalte forfatterskap, utarbeidd av Anne Kristin Lande, forskingsbibliotekar ved Nasjonalbiblioteket, er tilgjengeleg på forlagets nettside.
Norsk barnelitteraturhistorie er heidra med International Research Society for Children's Literature Award 1997 og Kari Skjønsbergs pris 1997.