Vis alltid denne fanen
Tittelnr
0411282
Tittel
Trans-Sovjet ekspress : gjennom underjordiske katedralar, luftslott og revolusjonære ruinar
Forfatter
Fløgstad, Kjartan 1944-
Språk
nynorsk
Utgitt
Bergen : Vigmostad Bjørke , 2017
Omfang
383 s. : ill., kart
Opplysninger
I 40 år har Kjartan Fløgstad reist i Russland. Frå Sibir til Austersjøen, frå Svartehavet til Kolahalvøya har han sett stadig nye sider av eit forunderleg naboland. No reiser han austover på ny - 100 år etter den store revolusjonen.I denne boka oppsøker Fløgstad restane av Sovjetunionen slik dei ser ut i dag - arkitektur, byplanar og monument, både revolusjonære ruinar og fråflytta luftslott, utopiar og mareritt. Både i dagens Russland og i andre delar av den tidlegare Austblokka spør Fløgstad kva som står att av dette korte hundreåret med sovjetsosialisme. Og ikkje minst: Kva betyr desse minna i dag? I mur og glas og stål og betong og laminat er ein særegen arv framleis med oss, rett over grensa til vårt største naboland mot aust, som minne om draumen om eit anna samfunn.Dette er òg ei personleg reise gjennom fem tiår av historia til vårt store naboland i aust. «Eg har vore forfattar og delegat i Moskva, Tallinn, Jerevan, og i Syftikar, hovud staden i Komi-republikken. Eg har bada i Pitsunda ved Svartehavet. I Norilsk i Nord-Sibir har eg ræppa om E 76 over Haukelifjell på kulturpalasset med 42 grader minus utanfor vindaugo. Eg har drukke kvas frå tankbil og vodka av flaska.» Frå forordet Kjartan Fløgstad har skrive tjue romanar og ei lang rekke essaysamlingar, dikt, skodespel og biografiar. Han har mellom anna fått Aschehougprisen, Nordisk råds litteraturpris, Kritikerprisen, Noregs Mållags pris, Brageprisen og Gyldendalprisen.
Emner
1980-1989
1990-1999
2010-2019
Arkitektur
Historie
Sjanger
Reiseskildringer
Geografisk emneord
Russland . - Sovjetunionen
Dewey
947.086
ISBN
978-82-419-1213-9 (ib.)
Hylleplass
947.086 F