Always display this tab
ItemID
612843
Title
Kunsten å feike arabisk : : ei forteljing om autisme
Original title
[Konsten att fejka arabiska :]
Author
Liman, Lina 1980-
Contributors
Nilssen, Olaug oversetter
Language
Norwegian (Nynorsk)
Published
Oslo : Samlaget , 2021
Description
312 sider
Information
Ei forteljing om autisme «Ein del av meg døydde. Ein annan del byrja endeleg, endeleg å leve.» I 32 år lever Lina Liman med autisme utan å vite om det. Men ho veit at det er noko som ikkje stemmer. Ho lærer seg å feike for å passe inn, ho speler normal, heilt til det ikkje lenger går. Då journalisten og forfattaren Lina Liman fekk diagnosen som vaksen, hadde ho vore pasient i psykiatrien i sju år. Ho hadde møtt nesten hundre legar, vore tvangsinnlagd og gått på sterke medisinar. At det tar svært lang tid før ei kvinne med autisme blir greidd ut, er ikkje uvanleg. Ofte blir autisme hos kvinner ikkje oppdaga i det heile tatt. Kunsten å feike arabisk er ei gripande og engasjerande forteljing om korleis det er å leve med autisme, og korleis ein diagnose kan forandre livet. Boka er omsett til norsk av Olaug Nilssen. Lina Liman (f. 1980) er journalist med bakgrunn frå Dagens Nyheter og Östgöta Correspondenten. Ho har også skrive den sjølvbiografiske När mörkret kom - en bok om anorexia (2000). Sjølvbiografien Konsten att fejka arabiska kom i 2017. Sagt om Kunsten å feike arabisk: «I Kunsten å feike arabisk skisserer Liman ei kronologisk forteljing om livet sitt med personlege skildringar av korleis autismen hennar kjem til uttrykk. [...] [Ho gjer] ein viktig folkeopplysingsinnsats. Utan å forenkle avdramatiserer ho autisme.» Anna Andersson, Aftonbladet «Autismens paradoks, fabelaktig fortalt.» Anders Kapp, Kapprakt «Liman skriv seg, både pedagogisk og poetisk, gjennom barndommen, tenåra, anoreksien og alle forsøka sine på å prestere og vere «normal» [...] Kunsten å feika arabisk skriv seg inn i ein tradisjon av tekstar om kvinneleg psykisk, ofte misforstått, liding.» Maria Edström, Expressen
Subjects
Liman, Lina , 1980-
Autisme
Genre
Personlige beretninger
Geografisk emneord
Sverige
Dewey
616.858820092
Links
ISBN
9788234001536 (innbundet) : Nkr 379.00
Item location
biografi Liman, Lina